|
Lyric provided by www.seekalyric.com |
Lillebjørn Nilsen - Valle auto & bensin Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal. Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin. Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald. Så eg spurde: «Vil du vere venen min?» Men ho svara at: «Eg er nok ikkje fri. Eg har ein som eg vil elske all mi tid. Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann, som kan spele slik som berre setesdølar kan.» (Og særleg om han spelar «Sordølen», da: sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!) Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler. Men du kan vel også følgje med? Eg blei svartsjuk og sa: «Eg vil'kje ha det der! Denne fela der skal jaggu halde fred!» Og så satt eg med gitaren på mitt kne. Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ... Og då helga kom så sa eg: «Snille jenta mi, no skal eg få spela danselåta di!» (Og så spelte eg «Sordølen», da: dælælæ ... ) Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal'n, for ho visste ikkje kven ho ville ha. Og slik er det med ei jente som er dansegal' n: ho kan like gjerne svare nei som ja. Så no sitt vi her og spelar både to. Og ute der på golvet sviv' e ho! Og i morgan som ho søv den beste svevnen sin, må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ... |