Herborg Kråkevik - Ein Vanleg Dag Lyrics

  • Artist/Band:
  • Album:
  • Song Title:
  • Text Options:
  • Share & Like:

Det var ein vanleg dag
Heilt vanleg dag
Eg gjekk og venta i ein by
Og det var stille mellom alle hus
Eg skimta himmelen og såg ei sky

Det var ein vanleg dag
Heilt vanleg dag
Eg stod i alt som heldt meg fast
Då høyrde eg ein tone i min gård
Og kjende inni meg
At noko brast
Ein lirekasse spelte nedanfor
Førde meg bakover til blonde år
Tok av meg hanskane
La ned mitt skjold
Kviskra til sansane ein song i moll

Eg hadde verna meg
Bak husets mur
Eg hadde døypt meg sjølv til mor
Då song han plutseleg ein song i dur
Lokka meg ut på ein voldsom tur
Ein song om ungdommen
Ein song om fred
Spelte i sinnet mitt
Og tok meg med
Til stille stunder av poesi
Så langt frå kvardagen var gleda mi

Og eg var lukkeleg
Og eg var lett
Eg gløymde alt som heldt meg fast
Då høyrde eg ei stemma langvegs frå
Og kjende inni meg at noko brast
Det var frå mora mi
Om hennar far
Om alt umisteleg som eingong var
Eg kjende lukka mi lukka seg inn
Og visste han var aldri meint som min

Search Song Lyrics
Browse Artists

A B C D E F G H I J K L M N
O P Q R S T U V W X Y Z #

Hide preview
Lyrics and Video Widget:

Code for your site/blog/space

Click above to select the code then right click & copy to get the code to paste onto your site/blog